Møre og Romsdal, Prosjektleder
Prosjektleiar - Ny GIV v/utdanningsavdelinga
Møre og Romsdal fylke løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.
UTDANNINGSAVDELINGA
Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.
Prosjektleiar - Ny GIV v/utdanningsavdelinga
Utdanningsavdelinga
Utdanningsavdelinga har det administrative skoleeigaransvaret for dei vidaregåande skolane i fylket, vidaregåande opplæring i bedrift og fagskole. Det er i dag 24 skolar og om lag 1300 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innanfor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar. Avdelinga har kontor på fylkeshuset i Molde.
Opplysningar om stillinga
- Stillinga er 100% og er ei prosjektstilling for perioden 01.08.11 - 31.12.13.
- Gjennom Ny GIV-prosjektet skal kommunar og fylkeskommune etablere eit varig samarbeid om tiltak for å betre
- elevane sine føresetnader for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Prosjektet starter på ungdomstrinnet og
- rettar seg mot eit nærare definert utval elever som skal følgjast tett frå siste halvår i 10. trinn og i vidaregåande
- opplæring.
Oppgåver og ansvar
- Prosjektleiaren skal i samarbeid med kommunane etablere Ny Giv, Overgangsprosjektet i nye kommunar frå 2102.
- Aktuelle arbeidsoppgåver blir:
- starte opp prosjektet
- koordinere lærarskoleringa og intensivopplæringa
- etablere eit formelt og strukturert samarbeid med kommunane om overgangen mellom ungdomstrinnet og
- vidaregåande skole
- informasjonsarbeid om prosjektet
- Prosjektleiaren skal ha ansvaret for kontakten med eit utval kommunar i fylket og vil vere med i teamet som skal gjennomføre Ny-GIV, Overgangsprosjektet i Møre og Romsdal.
Vi ønskjer ein prosjektleiar som har
- god kjennskap til ungdomstrinnet og/eller vidaregåande opplæring
- relevant høgare utdanning og erfaring
- evne til å ta initiativ, arbeide systematisk, målretta og sjølvstendig
- godt humør og evne til samarbeid eksternt og internt og som ser på teamarbeid som ei naturleg arbeidsform
- god kommunikative evner, og evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling
Den som blir tilsett må disponere eigen bil.
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
- Stor satsing på arbeidsgivarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling
- Introduksjonsprogram
- Fleksibel arbeidstid
- Individuelt tilpassa livsfasetiltak
- Medlemskap i KLP (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
- Løn etter avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.
Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Søknadsfrist
30.05.2011
Kontaktpersoner
Geir Løkhaug, Prosjektleiar, ******/******, ******
Sverre Hollen, ass. fylkesutdannings, ******/******, ******
Merk din søknaden med ledelsejobb.no



