Møre og Romsdal, Avdelingssjef
Seksjonsleiar/fagsjef i kulturformidlingsseksjonen Annonse-ID: 2158987
Møre og Romsdal fylke løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.
Kulturavdelinga
Seksjonsleiar/fagsjef i kulturformidlingsseksjonen
Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunndoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medrådrett, fellesskapsansvar og open organisasjon.
Kulturavdelinga
Fylkeskommunen har eit breitt engasjement i utvikling av kulturlivet i Møre og Romsdal gjennom m.a. partnerskapsbygging med kommunar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar. Heile kulturfeltet har fokus, og fylkeskommunen sine oppgåver blir løyst av kulturavdelinga med fagseksjonane fylkesbiblioteket, folkehelse og fysisk aktivitet, kulturformidling og kulturvern. Støttefunksjonane er samla i ein felles driftsseksjon. Kulturavdelinga held til i lokaler i Fylkeshusa i Molde. Fylkeskultursjefen er leiar for avdelinga. Kvar seksjon vert leia av ein fagsjef/seksjonsleiar. Kulturavdelinga har inkl. møremusikarane om lag 50 tilsette og forvalta i 2010 netto om lag 83 mill kr og brutto 163 mill kr. Kulturavdelinga legg dei kulturpolitiske sakene tilrette for kulturutvalet. Avdelinga driftar også likestillingsutvalet, eldrerådet, rådet for likestilling av funksjonshemma og folkehelseutvalet. Kultur er eit av satsingsområdene i fylkesplan for perioden******.
Opplysningar om stillinga
Det er ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar/fagsjef i kulturformidlingsseksjonen. Seksjonen har hovudansvaret for drifta av kultursekken (DKS) i grunnskole, vidaregåande skole og for piloten kultursekk i barnehage. Dette arbeidet vert utført i tett samhandling med kommunane og dei videregåande skolane. Drifta av møremusikarordninga ligg også innanfor seksjonen sitt arbeids-og ansvarsfelt. Dette skaper ei brei kontaktflate mot både fritidskulturlivet og dei profesjonelle kulturinstitusjonane i fylket. Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som virker to-delt med ei frilansordning der fylket leier inn profesjonelle musikarar til vidareformidling og eit stillingssamarbeid med 3 kommunar om til saman 9 fast tilsette musikarar.Elles har seksjonen ansvar for kunstnarstipendordninga og ein vesentleg del av fylket sin tilskotsportefølje på kulturområdet. Alle seksjonsleiarane blir tildelt sakshandsamingsoppgåver og formidlingsoppgåver ute i nettverka og må derfor ha gode formuleringsevner både munnleg og skriftleg. Det er 6 faste tilsette medarbeidarar i seksjon + 9 møremusikarar. Seksjonsleiaren går inn i fylkeskultursjefen si leiargruppe.
Vi søkjer etter ein person med:
- Høgare utdanning innan relevant kulturfagleg område
- Evne til leiarskap, kreativitet, samarbeid og planlegging
- Dokumentert leiarkompetanse
- Gjennomføringskraft og evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og systematisk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å kommunisere og samarbeide (rettleiings-og samhandlingskompetanse.)
Leiarerfaring vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr:
- Ei sentral stilling innanfor interessante fagfelt med allsidige oppgåver i eit godt miljø
- Positive utfordringar i eit fylke med spennande framtidsutsikter på desse områda
- Stor satsing på arbeidsgivarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling
- Leiarutviklingsprogram
- Medlemskap i KLP med god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår
- Løn etter avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Aktuelle søkjarar blir innkalla til intervju.
Tiltreding etter avtale.
Søknadsfrist:
27.05.2011
Kontaktperson:
Øivind Schanche, ass. fylkeskultursjef, tlf******, mob******,
e-post: ******
Merk din søknaden med ledelsejobb.no
Bedrift
Kategori
Utdanningsnivå
Universitet/høyskole
Relaterte annonser
- Avd.Leder med Gr L for Storm Elektro Vest AS Hareid
Rett Bemanning - Hareid - 2012-05-16



